okkupasjonstidI åra frå 1940 til 1945 var det krig i Noreg, og litteraturen bar preg av dette. I starten av krigen vart det gjeve ut bøker, men etter kvart kom det mange krav frå nazistane. Det vart ulovleg med litteratur som nazistane ikkje likte, det var nazistar som overtok styringa i alle dei store forlaga, og fleire forfattarar nekta å skrive. Resultatet vart at det vart gjeve ut mykje mindre litteratur i Noreg enn kva som var vanleg.
Sjølv om det vart gjeve ut lite skjønnlitteratur i Noreg mot slutten av krigen, er det grunn til å tru at forfattarane skreiv i det skjulte, for med det same krigen var over, vart det levert inn mange manuskript til forlaga. Men ein sjanger som vart skrive under krigen var dikt, kampdikt som vart trykt i dei ulovlege avisene. Nokon forfattarar gav og ut bøker i utlandet. Under "Tekster" finn du ei novelle, "Kruttrøyk", som forfattaren Torborg Nedreaas har skrive. Handlinga i denne novella går føre seg i Noreg under 2. verdskrig, og skildrar godt korleis tilstanden var for mange under krigen. |